Eg vil ha den no!
november 23, 2009
Eg har venta lenge på fredag 20. november. Kvifor? Enkelt og greit fordi dette var dagen då noverande leigetakar skulle forlate bopelen slik at eg skulle få overta den. Men før eg flyttar inn den 1. desember, vil eg sjå og vurdere leiligheita. Ikkje for å avgjere om eg vil ha ho, men fordi eg vil visualisere litt, planleggje møblering, plassering og logistikk. Sjølvskagt skal eg også gjere mitt ytterste for å få løyve til følgjande to ting: Bytte seng og måle.
Eg vil byte ut sengja som stend der i dag med mi eiga utvilsamt meir komfortable, dyrare og ikkje minst private seng. Kven veit kor mange som har brukt den senga som på nuverande tidspunkt står der? Og ikkje minst kva dei har gjort i ho.
Eg kan forstå huseigars problemstilling, nemleg mangel på lagringsplass. Men eg har løysinga på dette, nemleg å late meg plassere ho på loftet åt ho mor! Der står den trygt ei stund frammøve til ho eventuelt flyttar til sumaren. Men mannen er vel vrang og meiner at eg kan settje mi seng der i staden. Kjem ikkje på tale. Eg vil ha den lurvete senga hans på loftet til mamma og MI jekla seng i liligheita. Eg skal garantere at senga ikkje kjem til harme og seie som sant er at om ho so gjer skal eg betale for heile makkverket. Eg kan jau alltids sege ho på finn.no! Folk kjøper alt moglegt skit og loppemarknaden er sjølvsagt eit godt alternativ. Eg synst no om eg skal få ytre meg fritt(MIN blogg!), at ein som huseigar med fullt møblerte leiligheiter/hus/hyblar bør ha ei form for lokale til lagring av slike møblement. Men det kan hende han ikkje tenkjer over at enkelte av oss faktisk har nokre møblar sjølve og at eg ikkje liker å sove i same senga som Gud-veit-kven har liggje i før meg.
Det andre eg skal presse gjennom er måling. Eg vil gjerne måle om heile leiligheita. Dette har eg no mykje tid til fram til eg skal flytte, det blir fargar som er anonyme og glir inn og som han godkjenner. Dessutan hadde ikkje den som måla den andre leiligheita, den veggivegg som eg budde i først, akkurat valt dei mest nøytrale fargane heller med knallgult og tydleg grønt i entreen. Eg vil nok gjere tydeleg betre val, og om han trur eg som mann ikkje kan vere i stand til å gjere gode val på fargefronten so skal han vite at eg har vokse opp med interiørdesign som andrespråk i heimen. Det vil berre gjere leiligheita meir attraktiv om den er nymåla. Eg ser ikkje noko negativt i det! EG betalar, EG utfører arbeidet og HAN får ei mykje kjekkare leiligheit! Det er eit vinn-vinn prosjekt, og om det er inventaret han er redd for, so skal han vite at eg er etterkomar av dei største oppussingsgalne familiene i heile regionen. Eg har pusta inn meir måling og vore gjennom fleire forandringar av hus sine utsjånadar enn dei fleste andre. Eg trur mi kjære mor har tatt fram målarkosten og fargepaletten i samtlige husvære ho har tatt meg med til. Og pappa har pussa opp huset vel tre gongar på berre 18 år, og for ikkje å snakke om ombyggjing! Og mormor&morfar har pussa opp fleirfoldige gongar, og farmor har stadige prosjekt på gong og onklar og tanter og rett som det er alle i heile slekta! Og morfar er fagmann og mamma er ekspert etter to nybygg og vel so det. So han skal ikkje frykte at eg ikkje har vit nok til å dekke inventar og golv før eg tek til, og eg har sjølvsagt hjelp og assistanse av fleire erfarne frivillige.(… som deltek utan noko reellt val eigentleg^^)
Eg har motteke etteretningsrapportar om at dei har pakka og styra heile sundagen, so eg reknar med at eg skal få prata med mannen i dag på ettermiddagstid. Fram til det skal eg shoppe litt.